Skip to Content
I 2020 gjorde Kantar ei undersøking på vegner av Trygg trafikk. Ho synte at det ikkje er uvanleg å køyre for fort. Foto: Pixabay

14. februar deltok Syklistenes Landsforening i NRK Debatten om høge trafikkbøter. Me uroar oss for høge ulukkestall i 2022 og ønske handling.

Vi må ta alle grep i bruk for betre sikkerheita

Ulukkesutviklinga hjå gåande og syklande har lege relativt stabilt dei siste 20 åra, medan ulukkestala har gått ned for bilførarar (sjå figur 1). Risikoen per sykla km har heller ikkje gått ned dei siste par åra, men heller opp (sjå figur 2).

2022 vart diverre eit sørgjeleg år både for mjuke og harde trafikantar med totalt 118 som miste livet. Dette uroar oss og krev vilje til å snu alle steinar.

Figur 1: Nettfaksimile frå Statens vegvesen (2022) Trafiksikkerhetsutviklingen 2021.
Figur 2: Nettfaksimile frå Statens vegvesen (2021) Trafiksikkerhetsutviklingen 2021.

Fart skremmer mange og drep somme

Det er ikkje berre når det gjeld nullvisjonen for syklande at vi har sakna god framdrift i Noreg. Det at vi ikkje når dei nasjonale måla om auka sykling, skuldast i mellom anna at folk ikkje kjenner seg trygge. Den nasjonale sykkelundersøkinga vår viser at éin av tre kjenner seg utrygge på sykkel. Dei utrygge hamner sjeldan i ulykkesstatistikken, men dei går glipp av den mobiliteten og dei helsefordelane som syklinga kunne gjeve.

Figur 3: Nettfaksimile frå Syklistenes Landsforening (2021).

Vi kjem ikkje unna at åtferda vår, anten det er bak rattet, på sykkelen og til fots, betyr noko. Transportøkonomisk institutt har gått gjennom årsakene til ulukker med mjuke trafikantar, og dei finn at både åtferd og underlag har mykje å seie for syklistar (sjå figur 4).

Figur 4: Nettfaksimile frå Transportøkonomisk institutt (2021)

I 2020 gjorde Kantar ei undersøking på vegner av Trygg trafikk. Ho synte at det ikkje er uvanleg å køyre for fort. Verst er det i 80-sona, men nesten halvparten bryt frå tid til anna òg fartsgrensa i tettbygde strøk der barn og unge ferdes på veg til skule. Statens vegvesen, med hjelp frå Transportøkonomisk institutt, har summert opp utviklinga på feltet. Dei konkluderer mellom anna at fleire enn før, over 60 prosent, held fartsgrensa til ein kvar tid, men at risikoen for skader aukar langt meir med farta enn det folk er klar over. 4 av 10 dødsulukker skuldast for høg fart.

Bøter er ein del av pakka

Justis- og beredskapsdepartementet tok i november i fjor til orde for endring av Forskrift om forenkla førelegg i vegtrafikksaker. Dette er straffereaksjon for mellom anna brot på fartsgrensene, brot på vikeplikta og bruk av mobiltelefon bak rattet.

Syklistenes Landsforening valde å stø departementet sitt initiativ på dei fleste punkta i vårt høyringssvar.

Politiet må sjølvsagt gjennomføre kontrollar som folk legg merke til. Men kor mykje auking av storleiken på ei bot har noko føre seg? Ein stor metastudie viser at auking av bøtesatsane har verknad viss auken held seg under 100 prosent. Tala på ulukker minkar med mellom ein prosent og tolv prosent. Studien viser òg at det er mykje som verkar saman når ulukkestal går ned. Storleiken på bota gjer på ingen måte jobben åleine.

Syklistenes Landsforening er samd med departementet om at førelegga trong ein auke, særleg med tanke på lovbrot som gjeld høg fart og fare for trafikkskade. Vi har ikkje føresetnader for å vurdere på kva nivå satsane lyt ligge for å ha preventiv verknad, men meiner at lovbrot som gjeld høg fart med motorkøyretøy er viktigare å førebygge enn lovbrot som ikkje har same skadepotensial.

Kjelder:

Elvik, Rune (2016) Association between increase in fixed penalties and road safety outcomes: A meta-analysis.

(https://www.sciencedirect.com/science/article/abs/pii/S0001457516301051?via%3Dihub)

Statens vegvesen (2022). Trafikksikkerhetsutviklingen 2021. (https://www.vegvesen.no/globalassets/fag/fokusomrader/trafikksikkerhet/trafikksikkerhetsutviklingen-2021.pdf)

Statens vegvesen (2022) (https://www.vegvesen.no/om-oss/presse/aktuelt/nasjonalt/stadig-flere-holder-fartsgrensen/)

 Syklistenes Landsforening (2022) Sykkelundersøkelsen 2022 (https://syklistforeningen.no/wp-content/uploads/2022/11/Nasjonal-hovedrapport-Sykkelundersokelsen-2022.pdf)

Syklistenes Landsforening (2022) (https://syklistforeningen.no/wp-content/uploads/2023/02/Hoyringsfrasegn_Forenkla-forelegg.pdf)

Transportøkonomisk institutt (2021) TØI rapport (https://www.toi.no/getfile.php?mmfileid=71184)

Annonse
Back to top
Verified by MonsterInsights