Skip to Content
Utreiingar om transportkonsept

Fagblogg: Gåing og sykling høyrer heime i dei store reknestykka

Transportarbeidet vi gjer unna til fots og på sykkel vert ikkje modellert og vurdert på same måten som det vi gjer med tog, trikk, buss og bil. Vi er vande til at jobben harde trafikantar gjer vert berekna med omhug, medan ein berre tenkjer på eit tal når det gjeld dei mjuke. Er det godt nok?

I dei store utreiingane er det oftast bane, trikk, buss og bil som vert målt mot kvarandre. Foto: Gerd Altmann, Pixabay

Fagblogg av vår faglige rådgiver, Helle Beer Urheim.

 

I dag er om lag halvparten av alle daglege reiser korte, under 5 km. Likevel har korte reiser brukt å få merkeleg lite merksemd i store utreiingar om transportkonsept.

Korte reiser vert ikkje vist fram

Finansdepartementet set krav om konseptvalutgreiing når staten skal i gang med noko som kostar mykje pengar. I nokre tilfelle gjer kommunane det òg. Slik må det vere for at korkje fikse idear, evige kjepphestar, gamal vane eller politiske symboltiltak skal stikke av med budsjetta. I dei store utreiingane er det oftast bane, trikk, buss og bil som vert målt mot kvarandre. Det har rett og slett ikkje vore tradisjon for å halde seg med utgreiing av konsept når det gjeld korte reiser. Gåing og sykling vert omtala i runde vendingar som helse- og miljøvenlege alternativ, men utan skikkelege tal i botn. Denne skilnaden gjev problem når dei store pengane skal fordelast til prosjekt. Politikarar kjem i skade for å gå rett på løysingar som liknar kvarandre og kan gå glipp av dei beste grepa.

Personkilometer er hard valuta

Alle sektorar har kjerneverdiar og ein valuta dei litar på. Når det gjeld mobilitet, er det personkilometer som gjeld. Det er nemninga på jobben som skal gjerast. For å kunne rekne ut personkilometrane, må vi kjenne kapasiteten til dei løysingane det er tale om og kombinere det med tal som seier noko om kva åtferd eller etterspurnad ein kan legge til grunn i åra som kjem. Difor er åtferdsmodellering og kapasitetstal viktig.

Kapasiteten på fortau og i sykkelgater grusar alternativa på korte turar

At gåing og sykling tek lite plass samanlikna med alternativa, har vore kjend i lange tider. Difor er til dømes kapasiteten på eit godt fortau større enn kapasiteten til trikken som går kvart femte minutt. Og det gjeld trass i at trikken held høgare fart. Ei sykkelgate har òg formidabel kapasitet og toler samanlikning med kva det skal vere. På korte reiser. Men på lange reiser er det toget som rår. Modelleringa av reiseåtferda, eller den såkalla etterspurnaden, har vore vanskeleg å få grep om. Men jobben kan ikkje stå ugjort, for det finst mange døme på at verktøya trengst. I Oslo har det vorte populært å gjere unna dei korte reisene med trikk. Kapasiteten er sprengt i sentrum fordi folk tek trikken to stopp i staden for å tar turen på fortauet eller sykle i gata. Sjølv om det er tale om korte reiser på nokre minutt, så kan avgjerdene ende med store prosjekt. Talgrunnlaga må stå seg.

Forbetring av rekneark høyrest  ikkje ut som ein valvinnar. Men ta til orde for at sykling og gåing skal reknast i same harde valuta som andre måtar å kome seg rundt på. Spør om tal på åtferd og spør om tal på kapasitet. For tal er makt og pengar.

 

Kildar:

https://www.vegvesen.no/vegprosjekter/prosjekt/kvunordnorge/

https://www.vegvesen.no/globalassets/vegprosjekter/transport-og-samfunn/nybybodo-kvu/vedlegg/kvu-rapport-ny-by-bodo-transportsystemer.pdf

Annonse
Back to top
Verified by MonsterInsights