Skip to Content
Sykkelgate i staden for gågate

Fagblogg: Stem på smal sykkelgate og feite fortau 

Politikarar som vil gje byen sin eit berekraftig løft stiller gjerne til val med lovnaden om å byggje gågater. Det er sjølvsagt heilt rett å tenkje på dei gåande når ein ønskjer å skape liv in sentrum, men ofte vil ei anna gateløysing, sykkelgata, gje enno fleire fordelar.   

Vår politiske rådgjevar meiner kommunen lyt ta til orde for bygging av sykkelgater. Foto: Mircea, Pixabay

Fagblogg av politisk rådgjevar, Helle Beer Urheim

Det er eit privilegium å rusle rundt i eigne tankar 

Alle måtar å bevege seg på har sine fordelar og ulemper. Noko av det finaste med å gå til fots er at ein slepp å vere merksam på andre trafikantar, og kan prate med andre eller tenkje på heilt andre ting enn trafikk. Det er eit verdfullt fortausprivilegium. Grunnen til at vi kan svime trygt rundt med ein kaffikopp i handa utan å sjå oss ikring er sjølvsagt at alle veit kva eit fortau er, korleis det ser ut, og at bilar og andre motorkøyretøy ikkje har noko på eit fortau å gjere. Vi går på trygg grunn. 

I gågater er alt på eitt plan 

Det ein ønskjer seg med ei gågate er sjølvsagt opplevinga av at heile gata eigentleg er som eit samanhengande digert fortau. Eit såkalla flatt gategulv inviterer til at folk går på kryss og tvers i gata, ikkje berre på langs. Det er godt for bylivet og noko av grunnen til at gågater løner seg for dei som driv kafe og butikk.  

Trass i at mange får ei kjensle av fortau frå vegg til vegg, så har gågata ein mangel som ein ikkje alltid er klar over. Når det ikkje finst noko køyrebane i gata vert det vanskeleg for den som går å vite kor det kan kome ein varebil og kor dei som syklar i gata kjem til å sykle. For dei med nedsatt hørsel eller syn, kan det vere særs ubehageleg og stressande at ein ikkje har ein fortauskant som grense mellom trygt areal og areal der ein må vere merksam på andre trafikantar. 

Kantstein er vitskap og develen sit i detaljane 

Høgdeskilnad, form og kontrast styrer korleis vi går og syklar utan at vi tenkjer på det. Difor vert utforming på fortauskantstein vitskap hjå dei som jobbar med mjuke trafikantar. Den beste fortauskanten for gåande og syklande er lett å få auge på, men ikkje vanskeleg å krysse. Der fortauskanten er for høg, slentrar ikkje folk over vegen og legg igjen pengar hjå butikkeigaren på andre sida. Er fortauskanten usynleg og umerkeleg, vimer alle på kryss og tvers og veit ikkje sikkert kor dei kan slappe av og kor dei lyt sjå seg føre.   

I sykkelgater er fortau heilage 

Sykkelgater har særs smal køyrebane og så breie fortau som råd er. I køyrebana skal dei som syklar ferdast saman med ein og annan varebil, men ikkje gjennomgangstrafikk. Sett frå lufta gjev det om lag 70% fortau og 30% køyrebane. Når sykkelgater vert utforma rett, kan ein få fordelane til ei gågate i ei løysing som er lettare å lese og som gjev dei beste tilhøva for sykling med på kjøpet. 

Ta til orde for bygging av sykkelgate, når det vert snakka varmt om gågater. Ei smal einvegsregulert køyrebane med feite fortau på kvar side gjev mange stader fleire fordelar enn ei vanleg gågate. Sykkelgata gjer susen. 

Annonse
Back to top
Verified by MonsterInsights