Skip to Content
Rallarvegen ble bygget som transportvei da Bergensbanen ble bygget over høyfjellet i årene 1895-1902. Strekningen Haugastøl - Flåm er 80 km.
Om Rallarvegen
Fakta
  • 25 000 syklistar tar i løpet av juli, august og september turen gjennom det storslåtte fjellandskapet i Skarvheimen – mellom Austlandet og Vestlandet.
  • På Haugastøl kan du leiga sykkel, med sykkelvesker, som kan leverast på Finse, Myrdal eller Flåm.Det er avgrensa kapasitet til transport av privat sykkel på Flåmsbana og Bergensbanen mellom Flåm og Haugastøl.
  • Dei fleste startar frå Haugastøl for å unngå den trafikkerte riksveg 7, men det er mogeleg å starta på Geilo eller Ustaoset også. Ein kortare variant er å starta på Finse og avslutta på Myrdal eller Flåm. Denne etappen er også den røffaste delen å sykla.
  • Hugs at barmarksesongen over høgfjellet er kort; det er ikkje uvanleg med snøfonner i juli og nysnø i september.
  • Rallarvegen har vore nytta som sykkelveg frå midten av syttitalet. I høgsesongen er det mange syklistar i området, så det er lurt å bestilla overnatting på førehand. Vegen i lågareliggjande parti har godt vegdekke. Høgare oppe vil det ofte vera strekningar med grovt underlag. Det vert derfor tilrådd ikkje å ta med barn under 12 år på eigen sykkel.

Distanse: 82 km
Tid: 6 – 7 timer
Underlag: hovedsaklig grus
Gradering: Middels

For utvidet funksjonalitet som f.eks å laste ned koordinater i GPX eller KML, må du åpne kartet. Klikk på kartet for å komme videre til kartleverandørens nettside.

Av Øystein Grue og Inge Hjertaas (tekst) og Øystein Grue (foto) i Jernbanemagasinet

Rallarvegen er eit eineståande kulturminne. Den 80 km lange strekninga har fleire gonger blitt kåra til Noregs vakraste sykkelveg. Vegen følgjer Bergensbanen frå Haugastøl over høgfjellet via Finse til Myrdal og Flåm.

I 2015 gjennomførte meir enn 20 000 heile eller delar av turen på sykkelsetet. I fjor var det enda fleire. I prosent utgjer dei utanlandske sykkelturistane ein aukande del for kvart år.

Rallarvegen er ei spektakulær sykkelrute på vekslande og røft underlag. Turen startar på Haugastøl, 1000 meter over havet i aust, og går langs Hallingskarvet mellom Hardangervidda nasjonalpark og Skarvheimen.

Vest for Finse kjem den handbygde anleggsvegen opp i 1343 meter over havet. Her skiftar vêret raskt. Vidare vestover gjeld det å ikkje ha høgdeskrekk og framfor alt full kontroll på balanse og bremsar. Dei siste kilometrane mot slutten går bratt utfor, gjennom 21 skarpe svingar i nedstiging til frodige Flåmsdalen, før du endar opp i cruisehamn og stasjonen der verdas brattaste normalspora jernbane startar ved Sognefjorden i Flåm.

Sykkelturen kan gjerast på ein dag. Men for å oppleva natur, kultur og kontrastane Rallarvegen byr på, er tilrådinga å bruka to–tre dagar. Det er fleire overnattingsstader undervegs. Men bestill plass på førehand, og sjekk vêrmeldinga! Slår go’vêret til, blir du ikkje åleine over fjellet.

Nyttige lenker:
www.ut.no
www.nsb.no 
www.rallarvegen.com
www.finse1222.no
www.flamsbana.no

Les meir: Sykkelguide med Sykkelkart 1:100000 (norsk, engelsk, tysk), Statens Kartverk (2002)

Sykkelutleige: Haugastøl Turistsenter, Haugastøl og Flåm; www.rallarvegen.com Finse 1222.no, Finse og Flåm

Artikkelen blir publisert etter avtale med Jernbanemagasinet, som står for tekst og bilder.

 

FORFRISKANDE: Juliette Augier og Maxime Mogé starta på sykkel frå Strasbourg i Frankrike i april i 2016 og måtte forsera tre kilometer med snøfonner vest for Finse på veg til Bergen i fjor. – Forfriskande, syntest Juliette!
VILT OG VAKKERT: Frå Finse vestover mot Vatnahalsen og Myrdal møter du ville og vakre parti som Klevagjelet. Her går Rallarvegen utan rekkverk på ei hylle med fossande elvar og bratte fjell på kvar side. Send ikkje barn i førevegen her!
Annonse
Back to top
Verified by MonsterInsights